UTVIDA VERKSTAD · TILVAL

Fleire maskiner, fleire moglegheiter

Eit frivillig tillegg til Studio Mork: symaskin, 3D-printer, CO2-laser (tre/akryl), fiberlaser (stein/metall) og sublimering på koppar – for større variasjon og fleire vegar til meistring.

Last ned tilval-opplegget (PDF)
Maskinene står alt på Mork og kan lånast ut for test og/eller leigast over tid – det er unødvendig å kjpe. Same prinsipp som elles: for fast bruk formaliserer vi leige eller kjp (sjå utstyrsnotatet).
TILVAL

Kvifor utvide?

Fleire materiale

Tekstil, plast, tre og stein/metall – treffer fleire interesser.

Fleire nivå

Frå heilt enkle til meir avanserte oppgåver – alle finn meistring.

Større oppgåvebank

Mange nye, konkrete arbeidsoppgåver.

Fleire vegar til meistring

Den som ikkje likar trykk, kan blomstre ved laser eller symaskin.

STASJONAR

Maskinene

Symaskin – tekstil

Lagar: handlenett, pennal, puter, reparasjon/redesign

Oppgåver: 1) rette sømmar · 2) enkelt produkt etter mål · 3) eige mønster

Fag: K&H, matte, berekraft

HMS: fingrar unna nåla; vaksen tilgjengeleg

3D-printer – plast

Lagar: nøkkelringar, figurar, knaggar, brikker

Oppgåver: 1) skrive ut ferdig fil · 2) tilpasse storleik/farge · 3) modellere sjølv

Fag: K&H, matte (3D), teknologi

HMS: varm dyse; god ventilasjon

CO2-laser – tre/akryl

Lagar: namneskilt, brikker, smykke, skilt

Oppgåver: 1) gravere ferdig motiv · 2) eige namn/logo · 3) kutt + gravering

Fag: K&H, matte, norsk

HMS: avtrekk + vernebriller; aldri åleine

Fiberlaser – stein/metall

Lagar: skiferplakettar, magnetar, merking på metall

Oppgåver: 1) enkel gravering · 2) tilpasse motiv · 3) eigne design

Fag: K&H, naturfag/geografi, matte

HMS: avtrekk + vernebriller; vaksen til stades

Sublimering – koppar/krus

Lagar: personlege krus med namn/bilete, musematter; synleg resultat med ein gong

Oppgåver: 1) presse ferdig motiv · 2) eige namn/bilete · 3) heildekkande design

Fag: K&H, matte, naturfag, norsk

HMS: koppepressa blir svært varm; varmehanskar; vaksen til stades

OVERSIKT

Stasjonar i verkstaden

StasjonMaterialeDøme på produkt
DTF-trykkTekstilT-skjorter, handlenett
SymaskinTekstilNett, pennal, redesign
3D-printerPlastNøkkelringar, figurar
CO2-laserTre/akrylNamneskilt, skilt
FiberlaserStein/metallPlakettar, magnetar
SublimeringKoppar/polyesterKrus med namn, musematter
Tryggleik: laser krev avtrekk og vernebriller, og vaksen til stades under heile kjøringa. Eige kort HMS-kurs før bruk av kvar maskin.